
Nokre gonger har ein behov for å ha dei rette songane på hjernen, og 80-talslåtar frå sjølvaste Melodi Grand Prix er aldri feil. Med desse blyantane kan du laga godstemning i heimen, på jobben eller på bussen. Du vert ein vinnar i alle sosiale situasjonar!
Du får eit sett med fem grafittblyantar (#2 HB). Dei varer lenge og er behagelege å skriva med.
Greit å vita:
-Fargen på blyantane kan avvika frå det du ser på skjermen din.
-Tekstnyansen kan variera, frå heilt lys til nesten svart. Dette har med treet i blyanten å gjera (lindetre).
PS. Carola vann på 90-talet, så her har eg juksa litegranne. Låten og vindmaskina måtte imidlertid med :)