
Den som skriv med ein slik blyant har lettare for å forma vakre setningar. Hjelp ei forfattarspire til å nå potensialet sitt, eller gi deg sjølv eit lite løft i kvardagen (til og med handlelister vert stor poesi. Eg lovar!)
Du får eit sett med tre grafittblyantar (#2 HB).
Dei varer lenge og er behagelege å skriva med.
Greit å vita:
-Fargen på blyantane kan avvika frå det du ser på skjermen din.
-Tekstnyansen kan variera, frå heilt lys til nesten svart. Dette har med treet i blyanten å gjera (lindetre).